torsdag 15. oktober 2009

Fekk nye lunger med vaksande kreftsvulst

Matthew Millington fekk lungetransplantasjon i 2007, etter kvart fann legane ut at dei hadde gjort ein feil. Lungene han fekk, var frå ein som hadde røykja 30-50 sigarettar kvar dag. Den eine lunga som vart operert inn, innheldt ein vaksande kreftsvulst. Kreftsvulsten vart ikkje oppdaga før etter eit halvt år etter operasjonen. Mannen fekk då ikkje nye lunger fordi han no var ein kreftpasient. Han daude februar 2008. For å sjå heile saka gå inn på: http://www.vg.no/nyheter/utenriks/artikkel.php?artid=574980

Eg synas dette er heilt katastrofalt, korleis er det muleg å bruke ein storrøykjar sine lunger som donororgan? Endå verre er det at sjukehuset nekta mannen ny transplantasjon fordi han fekk kreft etter lungetransplantasjonen dei gjennomførte. Eg trudde meininga med lungetransplantasjon var å redde liv, ikkje å ta liv som i denne hendinga.

Heldigvis har eg ikkje hørt om noen fleir liknande hendingar, og truleg var denne mannen ein av få uheldige personar. Eg håper (og trur) at det var ein feil frå sjukehuset si side som ikkje kjem til å skje om igjen. Eg må uansett seie at eg er sjokkert og skremt over at ein slik glipp vart gjort. Om eg blir pasient for ein transplantasjon noen gong, håper eg at sjukehuset har vore litt meir påpasseleg med kor organet kjem frå og at organet er friskt.

Bilde: http://www.flickr.com/photos/breathela/3743658515/